Utdannings- og læringsmiljøprisen 2024


Utdannings- og læringsmiljøprisen har som mål å anerkjenna miljø eller enkeltpersonar ved Universitetet i Stavanger som lukkast med tilrettelegging for studentane si læring gjennom medviten, fagleg, pedagogisk og sosial innsats.

Føremålet med utdannings- og læringsmiljøprisen ved Universitetet i Stavanger er å anerkjenna godt arbeid med utdanningskvalitet og læringsmiljø, og stimulera til systematisk kvalitetsarbeid i utdanningane. Spesiell innsats for tilrettelegging av det fysiske og psykososiale læringsmiljøet ved UiS kan òg leggast til grunn. I tillegg rettar prisen seg og mot godt utdanningsfagleg arbeid med utdanningane.

Prisen kan tildelast ein tilsett, eit institutt, eit studienivå innan eit studieløp, ei faggruppe ved eit institutt, ei administrativ eining eller annan eining ved Universitetet i Stavanger med ansvar for eit avgrensa studium eller undervisingseining.

Tiltaket som blir vurdert må vera gjennomført i samarbeid mellom studentar, undervisingspersonale, administrativt personale og evt. andre aktørar. Det vil bli lagd vekt på korleis det faglege innhaldet, pedagogisk tilrettelegging og læringsmiljøet saman medverkar til god utdanning for studentane.

Alle tilsette og studentar kan nominera kandidatar. Fristen for å senda inn forslag til kandidatar er 3.mai 2024.

Nominerte kandidatar til prisen må meldas ved bruk av lenka under. 

Prisen er på 50.000 kroner og eit diplom. Vinnaren får prisen under UiS sin årsfest i oktober 2024